Klart for Stimenfest!

Skjeggi er klar for ny fest!

Florameisterskap i triksing og jodling, straffe på Nicklas, allsong av supportarsongar, bratwurst og mykje meir.
Laurdag 28. oktober blir ein festdag når teltet i Torggata blir fylt med aktivitet gjennom heile dagen, kvelden og natta.

Programmet for dagtid:
Det blir Florameisterskap i triksing med tvillingane Runar og Erlend Hove og Stefan og Peter Aase i spissen, og vi oppmodar alle til å utfordre «Florø twins fantastico»! Påmeldinga skjer i teltet frå kl 12.00 – det er gratis for både barn og vaksne.

Du kan skyte straffespark på keeper Niklas Frenderup, og det blir allsong av dei 3 supportersongane med Jan Kjetil Klubben, så her er det berre å lære seg Florø Fotball (de svarte og blå) med Hayseed & Klubben, Florø By med Vikingblod og Måk på FSK med Hisia.

Florameisterskap i jodling!
Musikkpo(t)et Halvard H Lunde inntek scena og jodlar i veg på tysk (med schaps og iført lederhosen), sveitsisk og irsk! – Vi utfordrar sjølsagt folk i Florø som jodlar i lystig lag til å «gå opp mot» Halvard; kven er best i jodling! Det er berre å melde si interesse til oss. Og om folk ønskjer å kle seg opp til oktoberfest-stemning, så gjer gjerne det – det blir både pøbb og grilling av bratwurst i teltet!

Det er GRATIS INNGANG på dagtid.

Arrangør: Kysten Bar og Restaurant, Byen vår Florø og Stimen.

 

Foto: Våt Moro/NRK/Skjeggi

Til kvelden vert teltet rigga til Stimenfest.

Programmet:
Kl. 1900 – teltet opnar.

Kl. 2000 – Quizmaster Jon Håvard Strømsnes utfordrar oss på dei enklaste spørsmål som ein sjølvsagt har gløymt svaret på akkurat denne kvelden. Vi varmar opp til festkvelden med ein lettbeint underhaldningsquiz. Premie til beste lag. Påmelding ved oppmøte.

Kl. 2100 – Heia Fotball har møtt legendar som Drillo, Nils Arne Eggen og John Carew. Med sitt eigen podcast og radioprogram på P3 har dei dykka dypt i toppfotballen og gått breitt ut i breiddefotballen. No kjem dei til Florø for å sjå nærare på våre eigne heltar, Florø fotball. Med gjester på scena skal dei sjå nærare på dette laget som vart dømt nord og ned, men som svarte med å sikre OBOS 2018, knuse Mjøndalen to gonger og sende Sogndal ut av cupen for andre gong i historia. Vi gler oss!

Kl. 2300 – Skjeggi. Jan Kjetil tek med seg Maria, Niklas, Thomas og Rune på scena for å lage ein fest vi aldri kjem til å hugse. Her blir det allsong og dans. Vi garanterer god feststemning når denne gjengen tek oss med gjennom dei beste låtane ein kan tenke seg når ting skal feirast. OBOS 2018 er sikra og vi skal knuse Strømmen søndag kl. 1200.

Billettar til kveldsarrangementet: stimen.ticketco.no/stimenfest