Bytta ut Messi med Kupen!

Fotballkorta av Florø sine eigne stjerner er no klare. Ryktet skal ha det til at Messi allereie er bytta ut med Kupen i fleire samlepermar rundt om i byen.

Eit utval av fotballkorta

Torsdag 5. oktober hadde vi første dag med utsal av dei lokale fotballkorta, og det var fleire som tok turen for å få kjøpe seg eit eksemplar.
Pakkane inneheld fem tilfeldige kort og det er kun første kortet ein kan sjå. Ikkje uventa var det Kupen det var størst rift om, så dei med eksemplara med storscoraren frampå som forsvann fort.

Korta vert seld i ein begrensa periode fram mot sesongslutt.

Vi har utsal følgande datoar:
Søndag 15. oktober ved stadion før Florø-Åsane.
Laurdag 21. oktober kl. 12-15 på AMFI Florø.
Laurdag 28. oktober kl. 12-15 i Torggata/Festivalteltet under Ministimen-arrangement.

Vil du bestille kort? Send ein epost til florostimen@gmail.com