I stim til stadion!

Søndag treng guttane deg!

Når Ranheim kjem til Florø blir det for å spille om svært viktige poeng for begge lag.
Ranheim har moglegheit til å kjempe om direkte opprykk til Eliteserien, samtidig som Florø kjempar om viktige poeng for å kanskje nå kvalikplass til opprykk.

Difor blir det no ekstra viktig å støtte guttane etter nokre veker med uheldige resultat.

Vi oppmodar alle til å møte på stadion i klubbfargane!

 

«Publikum er utruleg viktig for oss. Det gir oss eit ekstra kick. Det skal ikkje vere noko tvil om.»
– Endre Kupen

 

Kampstart kl. 1500.

Billettar får du kjøpt på Florø Fotball sine heimesider.