Stimen FIFA 18 Cup

Utklipp frå Facebook

Førstkommande fredag slippes FIFA 18 til stor glede for mange i dei tusen heimar i kongeriket.

All erfaring tilseie at det skal spelast tusenvis av kampar når siste versjon av dette fantastiske spelet skal testast ut. Enda meir sikkert er det at diskusjonane om kven som er best vil gå hett for seg rundt lunsjborda, på puben og ellers kvar alle desse FIFA-spelaren møtes. Stimen ser difor ingen anna råd enn å avgjere det heile i vår eigen storstilte FIFA 18 Cup.

Vi inviterer difor til turnering på Kysten fredag 27. oktober kl. 1800.

Om turneringa:
Konsoll: PS4
Spelmåte: Lag – to pr lag.
Premie til vinnarlaget.
Gruppespel med sluttspel.

Meir informasjon om reglar kjem etterkvart. Elles kan ein følgje eventen på Facebook.

Påmelding på epost til florostimen@gmail.com. Pris er kr 150 pr spelar.

Pr. 25.09 er det fire lag påmeldt til turneringa.